Fiskekort Eidfjord kommune

Fiskaravgift for sjø og vassdrag, og fiskekort for fangst i ferskvatn.

Sjø og vassdrag

Om du skal fiska etter laks, sjøaure eller sjørøye i vassdrag, eller med fastståande reiskap i sjø, må du betala den statlege fiskaravgifta. Born og ungdom under 18 år skal ikkje betala fiskaravgift.

Betal fiskaravgift

Ferskvatn

Skal du fiska i ferskvatn må du ha løyve til dette frå eigaren eller eigarane av fiskevatnet og elva, ofte gjennom kjøp av fiskekort for området du skal fiska i.

Under 16 år

Born under 16 år har rett til å fiska gratis i perioden 1. januar til 20. august, og treng ikkje fiskekort for fiske med stong og handsnøre. Denne retten gjeld likevel ikkje for fiske av laks, sjøaure og sjørøye i elv, då må også born ha fiskekort.

Fiskekort

Fiskekort
Område Kort vert seld
Eidfjord statsallmenning www.inatur.no
Eio og nedre del av Eidfjordvatnet www.eidfjordsportsfiske.no
Bjoreio i Sysendalen Garen camping
Krossdalen sameiga
Simadal sameiga
Veig ovanfor Valurfossen Destinasjon Eidfjord

Fiskereglar Vestland