Eidfjord Kommune

Jaktkort småviltjakt

Jaktkort småviltjakt

Jaktkort for jakt innan Eidfjord statsallmenning kjøper du anten hjå Eidfjord fjellstyre, eller hjå inatur.no

Opning for jakt

Det vert opna for redusert jakt frå 15.09. Dersom taksering viser tettheit på 8 ryper per km², og ein produksjon på 3 kyllingar per høne eller meir vert det lagt ut meir kort for sal. Det vert selt vekekort fram til 01.10. Frå 01.10 vert det selt døgnkort. Innanbygds jegrar kan kjøpa sesongkort frå 15.09

Korttypar og maksimalt jegertal

(Dersom det vert opna for jakt på rype)

Korttypar og maksimalt jegertal
Periode/ Område  1. periode  15.09-23.09  2. periode  23.09-30.09  3. periode 01.10-23.12  
Område 1  6 jegerar u/hund  5 jegerar u/hund 3 jegerar m/hund  Ingen område-avgrensing  
Område 2  15 jegerar u/hund  10 jegerar u/hund 7 jegerar m/hund  Ingen område-avgrensing  
Korttypar  Vekekort  Vekekort  1 døgnkort inntil 25 om dagen

Kortprisar og jaktkvote

  • Døgnkort kr 250,- med rett til å fella inntil 2 ryper
  • Vekekort kr 1000,- med rett til å fella inntil 2 ryper per dag, 7 ryper tilsaman 
  • Kvota for jakt på rype når taksering viser ein produksjon på minimum 3 kyllingar/høne og ein tettleik på minimum 8 rype/km². Dersom det er tildelt avgrensa kvote er dagskvota 1 rype og 4 ryper på vekekort.
  • Harejakt med hund, frå 1. oktober og fram til 23.12. Prisen vert som i pkt om kortprisar. 
  • Jakt på raudrev, i tida 02.01-28.02. Kortprisen vert kr 300,- for innanbygds og kr 600,- for utanbygds jegerar. Kort vert selt via inatur.no

Tildelingsrutinar for jaktkort

Søknadsfrist 1.04. Søknad sendast inatur.no.

Jakt på raudrev etter nyttår (02.1-28.02) er eit sjølvstendig tilbod uavhengig av om det generelt er opna for sal av kort for småviltjakt.

Dagskort, sesongkort, kort for jakt på raudrev

Rapport

  • Jegerar som har levert inn komplett jaktstatistikk til rett tid, vert prioritert ved tildeling av jaktkort. 

Kontakt

Eidfjord Fjellstyre
Sekretær - Gunnar Elnan
E-post
Telefon 476 12 205
Mobil 476 12 205

Gunnar Elnan er sekretær for Eidfjord fjellstyre. Han har kontor på kommunehuset i midtfløyen i 2 etg.

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Opningstider

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord