Søknadsfrist
Søknadsfrist for villreinjakt er 2. mai.
Søknad om villreinjakt
Kvittering
Etter innsending av skjemaet skal du motta ein stadfesting på e-postadressa du har oppgitt.
Dette er din kvittering på at søknaden er registrert. Ta godt vare på denne!
Ta kontakt med Eidfjord fjellstyre viss du ikkje får ein slik e-post!
Fellingskvote
Fjellstyret avgjer frå år til år ordningar og reglar for villreinjakta. Bakgrunnen for dette er at fellingskvoten vert fastsett for kvart år. Det meste av allmenningen er lett tilgjengeleg, dette gjer at fjellstyret må ta omsyn til kor mange jegerar dei tillet skal jakta.
Informasjon
Du må vera bustadregistrert i Eidfjord pr 1. januar året du søkjer for at du er å rekna som innanbygds søkjar. Det er kommunegrensa pr 1. januar 1956 som gjeld. Alle andre er å rekna som utanbygds søkjar.
Er du over 16 år og under 18 år fram til 20. august jaktåret må du ha tilsynsjeger.