Ordningar for reinsjakta 2022

Eidfjord fjellstyre har vedteke slike ordningar for reinsjakta 2022

Samla trekningsliste (PDF, 157 kB)

Ordningar for reinsjakta 2022 på Eidfjord statsallmenning

Ordningane for jakta er grunngjeve i ynskje om lokal forvaltning og styring av jakt og forvaltning. Det er difor viktig at; 

  • alle felte dyr skal registrerast i Sett og skutt
  • hjerne- og lymfeknuteprøve frå alle felte vaksne dyr skal takast og sendast inn 
  • slaktevekt på all kalv skal registrerast med nøyaktig vekt.

Ordningane

  1. Det vert trekt rekkefølgje for tildeling. Utflytte eidfjordingar under 30 år vert trekt fyrst på varamannslista. 
  2. Med atterhald om tilrådd kvote vert endeleg, vert det tildelt pakke med 1 fritt dyr og 1 bukk 2½ år og eldre. 
  3. Innanbygds ungdom som har lov til å delta i opplæringsjakt (fyller 16 år i år og er under 18 år) får tildelt eit fellingsløyve til pris av fellingsavgifta (kr 320,- for vaksne dyr og kr 190,- for kalv). Fellingsløyve gjeld fritt dyr. 
  4. Tildelte fellingsløyve vert utlevert i ekspedisjonen, betaling skal skje med bankkort eller vipps og mot framvising av godkjent jegeravgiftskort. Det vert kravd kr 200,- i ekspedisjonsgebyr frå dei som ynskjer betaling skal gjerast kontant, og når fellingsløyve skal sendast. 
  5. Det vert ikkje ordning med økonomisk refusjon for innleverte kort før og under jakta. 
  6. Fjellstyret kjøper inn 100 stk Villreinen til utdeling til innanbygds jegerar og vidare til utanbygds så langt opplaget rekk. 
  7. 17 mai-komiteen får 1 fritt dyr kort som premie i 17. mai-arrangementet under føresetnad av at det vert arrangert konkurransar. 
  8. Jakttida vert f.o.m. 20.08 t.o.m. 30.09. 
  9. Nattefredinga vert frå kl 19.00 til kl 07.00. 
  10. Det kan vera inntil 3 medlemer på jaktlaget. Kvar jeger må vera tildelt fellingsløyve. Jaktlag kan vera samansett av inn- og utanbygdsbuande, med krav at alle må vera tildelt fellingsløyve stempla Ha-283. Frist for innsending av jaktlag til fjellstyret for godkjenning er 5. august. Ungdom i opplæringsjakt kan ikkje vera med på jaktlag. 
  11. Fellingsløyve skal vera innlevert fjellstyret seinast 5 dagar etter endt jakttid. Ved gjenteke brot kan dette medføra reaksjonar frå fjellstyret. 
  12. Innanbygds jegerar med kort tildelt frå fjellstyret kan nytta kort frå private vald i Eidfjord på statsallmenningen. Utover dette vert det ikkje tillate fellingsløyve frå andre vald brukt på Eidfjord statsallmenning utan at dette er vedteke som samjaktavtale mellom valda. 
  13. Berre innanbygds jegerar og jegerar frå gamla Ullensvang herad med fellingsløyve stempla Ha- 283 kan nytta Eidfjord statsallmenning sør for Nordmannslågenvassdraget. Dersom fredningssona vert oppheva etter 20. september, kan utanbygds jegerar og jegerar frå gamla Ullensvang herad med fellingsløyve stempla Ha-283 og Ha-282, nytta Eidfjord statsallmenning sør for Nordmannslågen.

Fredingssona

  • Vilkår og grensene for fredningssona slik oppretta i 2020 vert vidareført

Fredningssona (PDF, 511 kB)

Prisar

  • kr 1 400,- Fellingsløyve for fritt dyr
  • kr 1 200,- Bukk 2½ år og eldre
  • kr 1 000,- pakke (1 fritt dyr + 1 bukk 2,5 år og eldre) frå kortbank
  • Utanbygdsbuande betalar dobbel pris