Treningsområde for fuglehund Frå 2. septemberFrå og med 2. september vert det seld treningskort avgrensa slik; vassdraget i Lundhaukedalen i sør, grensa mot Nordre Bjoreidalen grunneigarlag i vest, Rv 7 i nord og Øvre Numedal statsallmenning i aust. Områdeavgrensing går fram av vedlagte kart. (PDF, 8 MB) Talet treningskort (ekvipasjar) på området er 3 til ein kvar tid. Ein ekvipasje er avgrensa til 1 førar med to hundar. Frå 25. septemberFrå 25. september vert det seld treningskort for resten av statsallmenninga fordelt på småviltjaktområda, 1 og 2. Områdeavgrensing går fram av vedlagte kart. (PDF, 851 kB) Talet treningskort (ekvipasjar) på område 1 er 6 og område 2 er 10 til ein kvar tid.Generelt Alle hundar som skal sleppast skal ha bevis for å vera sauereine. Det kan berre sleppast ein hund om gangen. Rypekull som vert teke opp i trening skal ikkje takast opp gjenntekne gonger. Kull skal altså ikkje unødig uroast over tid då dette gjer rypa meir eksponert for rovvilt.Kort Prisar; 1 døgn kr 200,- Kort vert seldt på iNatur.noOmrådeavgrensing frå 2. september (PDF, 8 MB)Områdeavgrensing frå 25. september (PDF, 851 kB) Publisert25.08.2020 09.33 Sist endra02.11.2020 11.16