Galleriet ligg i tilknytning til Quality Hotel & Resort Vøringfoss. Både målerisamlinga og galleriet er eigd av Eidfjord kommune.
Utstillingar i 2023
Hilde Kjepso
14. april - 11. juni, opning 14. april kl. 18:00
Lise Steingrim
21. juni - 20. august, opning 21. juni kl. 18:00
Informasjon om Lise Steingrim
Jens Flesjå
24. august - 08. oktober, opning 24. august kl. 18:00
Informasjon om Jens Flesjå
Måleri av Lise Steingrim
Lise Steingrim
Stipendmottakar Lise Steingrim
Lise Steingrim er mottakar av Eidfjord kommune sitt kunstnarstipend for 2023. Stipendet er på kr. 40.000, i tilegg får kunstnaren tilbod om opphald i Bergsliskorane og i kunstnarhusværet i Berlin.
Lise Steingrims rette linjer og tiltrekkjande flater peikar i hennar tolking av storbyen sine landskap på overgangen frå natur til noko konkret og menneskeskapt. Likesom ho og sender sjåarane på ei reise attende til etterkrigsåra sin funksjonalisme arkitektur, som var kjenneteiknet ved ein effektiv og brukbar arkitektur med forenkla løysningar. Steingrim sine måleri framstår som arkitekturen, uten ornament og pynt. Effektive og presise i fargepalletten framkallar dei ideen om eit enklare liv, som me mellom anna kjenner frå modernisten Le Corbusier og hans berømte antropologiske og analytiske studie om den menneskelige bumaskina i tettbefolka, bymessige områder.
Lise Steingrim (født 1969) bur og arbeidar på Nesodden. Ho er utdanna ved Einar Granum Kunstfagskole (2010) og Statens Kunstakademi i Oslo ved avdelinga for måleri (2013). Ho har medverka på solo og gruppeutstillingar i Danmark, Italia, Norge og Tyskland og er representert i ei rekkje toneangjevande samlingar. Steingrim mottok i 2019 Billedkunstnernes Vederlagsfond og i 2020 Namdalsstipendiet.
Om Nils Bergslien, jubileumsfilm og informasjon
Bilete frå Galleri N.B.
Oversikt over tidlegare utstillingar i Galleri N.Bergslien
Visit Eidfjord si side om Galleri N.Bergslien
Oversikt over cruiseanløp i Eidfjord