Kunstnarstipend

Kunstnarstipend

Eidfjord kommune har sidan 2004 tildelt kunstnarstipend til ei rekkje kunstnarar og kunsthandverkarar.

Kva slags tilskot er dette: 

Kunstnarstipendet er oppretta av Eidfjord kommune og er på minimum kr. 30.000,-  

Kven kan søkja: 

Stipendet kan søkjast av kunstnarar og kunsthandverkarar som fyller krav til opptak i ein kunstnarorganisasjon i Noreg eller tilsvarande utanlands organisasjon. 

Krav til søkjar: 

  • Kunstnaren som mottek stipendet må arbeida i Eidfjord kommune i stipendåret. Opphaldet bør strekkja seg over 4-6 veker. Kommunen stiller til rådvelde atelier og bustad i Bergsliskorane
  • Stipendiaten bør inviterast til å halda utstilling i Galleri N.Bergslien, eller utføra anna kunstnerisk formidlingsarbeid i kommunen
  • Stipendiaten får tilbod om opphald i kunstnarbustaden under opninga/monteringa av utstillinga eller i samband med formidlingsarbeid
  •  Kommunen ynskjer å byggja opp ei kunstsamling med arbeid av stipendmottakarane. Stipendmottakaren bør difor gje kommunen eit kunstverk frå arbeidsperioden i kommunen. 

Handsaming: 

  • Ein eigen jury, samansett av ein representant frå formannskapet, ein frå rådmannen og ein kunstnar frå Hordaland Kunstnarsenter, vel ut stipendmottakar på grunnlag av vitaliste og 5 innsendte digitale bilete
  • Kunstnarstipendet vert kvart år avgrensa av kommunestyret sitt budsjettvedtak. Unytta midlar vert overført til eige disposisjonsfond

Søknadsfrist: 

1. mai kvart år, stipendet vert lyst ut i eigne publikasjonar

 

Vedteke i Eidfjord kommunestyre 18.06.03. Arkivsak: 03/00302

Tidlegare tildelingar av Eidfjord kommune sitt kunstnarstipend

Kontakt

Bergljot Maria Veivåg Hauso
Kulturkoordinator
E-post
Telefon 53 67 35 93
Mobil 971 90 023

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Opningstider

Måndag - fredag
08.00 - 15.00

Sentralbord
09.00 - 15.00