Individnivå

Den enkelte tilsette i møte med barn, unge og familiar.

Individnivået beskriv korleis den enkelte tilsette skal jobbe med tidleg identifikasjon og oppfølging av utsette barn og unge. Her finn du blandt anna oversikt over plikter, samarbeid med barnevernstenesta, informasjon om tverrfagleg rettleiingsteam m.m.

Samhandling med barn og unge

For at utsette barn skal kunne få den hjelpen dei treng er det viktig med eit godt tverrfagleg samarbeid mellom dei ulike tenestene i kommunen, samt dei kommunane Eidfjord samarbeider med. Me ynskjer å skape ein samstemd, langsiktig og dokumentert oppfølging av barn, unge og familiane deira.

Om eit barn gjev uttrykk for at det ikkje er trygg eller teikn på dei lever i ein vanskeleg omsorgssituasjon skal det alltid takast på alvor. Barn gjev ulike signal på at ikkje ting er som det burde og signala skal takast alvorleg. Barnet sitt signal skal være grunnlag for samtale med føresette. Føresette skal alltid vera informert om ei begynnande uro for barn og unge og det er dei tilsette sitt ansvar å ta initiativ til samhandling, med unntak ved mistanke om vald eller overgrep. Då skal ein kontakta barnevernet eller politi direkte.

 

Samhandling med born og unge

Eit godt tilbod til barn, unge og føresette i kommunen er avhengig av at brukarane vert involvert. Brukarane har rett til å medverka, og tenester har plikt til å involvera brukaren. Brukarmedverknad er ein lovfesta rett, det betyr at alle som jobbar med barn, unge og familiar må leggje til rette for medverknad frå brukarane dei møter gjennom sitt virke.