Ikkje forlenga villreinjakt i 2022

Villreinnemnda for Hardangervidda har vedteke å ikkje forlenga årets villreinjakt på Hardangervidda utover 30. september 2022.

Grunngjeving

Grunngjevinga er at det ligg an til å få eit bra jaktresultat i haust med mange prøver for å påvisa eventuell skrantesjuke. Nye prøvar frå utvida jaktperiode ville kome frå simler og ungdyr som tel mindre for å beregna førekomst av CWD-smitte. Gjenverande bestand etter ordinær jakt er forventa å kunne gje rundt 1500 kalv i 2023, noko som er ønska bestandsnivå for simler. I tillegg treng dyra ro for å forsøkja å betra ein dårleg kondisjon før brunstperiode og vinter.

Kontrollkort

Vil minna alle valdansvarlege om at alle kontrollkort for villrein på Hardangervidda i 2022, både brukte kort og ubrukte kort, skal sendast til villreinnemnda innan 14 dagar etter avslutta jakt. Det vil sei innan 14. oktober. Då vil jakta oppsummerast og det endelege fellingsresultatet gjennomgåast.

Ber om at valdansvarlege går gjennom fellingar i sine respektive vald og godkjenner fellingsresultat i Hjorteviltregisteret. Hugs at det er korta som er brukt frå det enkelte vald som skal registrerast, og ikkje valdet der fellinga faktisk skjedde.

Retur av kontrollkort

Adresse for retur av kontrollkort er Villreinnemnda for Hardangervidda-området, Skinnarbu, Møsvannsveien 1149, 3660 Rjukan.