Ikkje rypejakt på Eidfjord statsallmenning i år

Resultat av årets taksering er no klare og viser 10,4 rype/kvkm og ein kyllingproduksjon på 2,4 kyllingar per høne. Kravet fjellstyret har satt for å opna for jakt er minst 8 rype/kvkm og ein kyllingproduksjon på 2,4 kyllingar per høne.

Det var mykje snø i Eidfjordfjella i vinter og denne låg til langt ut i hekketida. Dette har nok vore avgjerande for resultatet frå takseringa som viste små kyllingar. Tettheit av fugl var over kravet fjellstyret har sett, det er bra og me håpar det gjev grunnlag for jakt til neste år.