Informasjon om innsamling av båtvrak

Eidfjord fjellstyre er med i eit prosjekt for å samla inn båtar karrakterisert som vrak og anna plastavfall i statsalmenninga. Ordninga er finansiert av Handelens miljøfond.

Registrering

Fjellstyret har som grunnlag for innsamlingsarbeidet starta registrering av båtar som ligg i statsalmenninga. På sikt vert det truleg òg aktuelt å oppretta eit register der båtar får eit registreringsnummer og eigar vert registrert.

Vraka

Det praktiske arbeidet vert utført av fjelloppsynet som skal registrera og leggje til rette vraka for uttransport til vinteren. Utfordringa for fjellstyret er å finna alt som er vrak og eigar til desse. I utgangspunktet vert ikkje vrak fjerna utan eigar sitt samtykke. I tilfelle der vraket opplagt ikkje kan reparerast og det ikkje er kjent eigar, kan desse verta fjerna. Det vil bli varsla på heimesida om slike tilfelle med ein frist til å koma med merknad.

Tips om vrak

Fjellstyret håpar på båtbrukarane sin hjelp til å registrera og tipsa om vrak. Me er taksame for informasjon med bilde og så nøyaktid posisjon som mogleg. I den grad ein kjenner til eigar er det fint å få dette opplyst.

Send informasjonen til fjellstyre@eidfjord.kommune.no