Motorferdsel i Hardangervidda nasjonalpark under villreinjakta 2023

Tilsynsutvalet i Vestland for Hardangervidda nasjonalpark (TUV) behandla ovanfornemnde sak i møte 08.06.2023.

TUV kommenterar at fjorårets bruk av helikopter vart uheldig, og meiner dette var knytt opp mot den økonomiske refusjonsordninga ved utflyging av felt villrein. Sidan denne ordninga no ikkje vert vidareført reknar TUV med at ordninga normaliserer seg att.
TUV ber helikopterselskapa samordna bestilling frå jegerar i same område, og fylla opp kapasiteten også ved utflyging av felt vilt.

Sak 028/23 VEDTAK:

Tilsynsutvalet i Vestland for Hardangervidda nasjonalpark gjev med dette løyve til motortransport for storviltjakt iflg. verneforskrifta for nasjonalparken pkt. 4.6.3.1 slik:

Ullensvang fjellstyre

Ullensvang Fjellstyre inntil 10 turar/retur med traktor på slepa Sandhaug – Hansbu i tidsrommet 3 dagar før - under - og 3 dagar etter villreinjakta 2023. Ved Hansbu skal det i utgangspunktet ikkje køyrast lenger enn der slepa stoppar (før Hansbubekken). Dersom det er store/tunge transporter kan det gjevast løyve til å køyre fram til hyttene for av- og pålasting, medan parkering skal skje ved tilvist plass.

Eidfjord fjellstyre

Eidfjord Fjellstyre får inntil 5 turar med traktor på slepa Fossane- Høgahæ- Eitro- Låghelleren i tidsrommet 3 dagar før - under - og 3 dagar etter villreinjakta 2023.

Fjellstyra står ansvarleg for å fordela turane mellom sine brukarar, og har ansvar for fullstendig rapport vert sendt Tilsynsutvalet i Vestland snarast etter avslutta villreinjakt. Traktorturane bør spreiast mest mogeleg i heile perioden for villreinjakta, slik at traktortilbodet vert gjeldande for alle jegrane.

Oversikt over kven som køyrer kor tid må leggjast ut på heimesidene til fjellstyra i Ullensvang og Eidfjord.

Køyresporet mellom Holsbu og Nordmannslågen er godkjent for uttransport med traktor av filt villrein og fisk.

Tilsynsutvalet i Vestland for Hardangervidda nasjonalpark gjev løyve til fly/helikopterselskap, som er registrert med luftfart som næring, og som er interessert i dette, løyve til inn- og uttransport av jegrar med gyldig jaktkort til/frå dei vatna som ligg i Vestland sin del av nasjonalparken, og som er opp-lista i forvaltningsplanen.

Dette gjeld Nordmannslågen v/ Besso, Vatnalivatn, Veivatn, Bersavikvatn, Litlosvatn, Nedste Krokavatn, Øvste Krokavatn, Nedste Bjørnavatn, Øvste Bjørnavatn, Vasslivatn, Langavatn, Kvennsjøen, Midtre Grøndalsvatn, Vetle og Store Valgardsvatn, Holmavatn, Hellevatn, Nedre Langevatn, Store Urde Langevatn, Bismarvatnet og Dimmedalsvatn.

Inn-transporten kan gå føre seg 3 dagar før, og under villreinjakta 2023.

Sjøfly og helikopter er likestilte, helikopter kan landa innanfor ein avstand på hundre meter frå dei opp-lista vatna.

Det er ein føresetnad at fly/helikopterselskapa prøver å fylla opp flya/helikoptera, og ikkje flyg inn ein og ein jeger.

Det skal skrivast logg på alle turane, og rapporterast attende til Tilsynsutvalet i Vestland seinast 10 dagar etter jaktslutt. Rapporten skal innehalda dato, ant. jegerar og landingsstad.

Uttransport av felt villrein frå dei ovannemnde vatn gjeld fram til og med 3 dagar etter at villreinjakta er slutt, jf. pkt. 4.6.3.ci verneforskrifta.

Jegerar som skal til/frå andre stadar enn dei ovannemnde, må ha særleg løyve i høve til pkt. 4.6.3.1.ai verneforskrifta.

Dette vedtaket kan klagast på innan 3 veker frå det er motteke. Eventuell klage må grunngjevast og skal framsetjast i skriftleg form. Klage skal stilast til Miljødirektoratet, men sendast til det tilsynsutvalet som har handsama søknaden.

Les heile sak 028/23 Motorferdsel i Hardangervidda nasjonalpark under villreinjakta 2023 (PDF, 219 kB)