Orientering om Miljødirektoratets vedtak if. villreinjakta på Hardangervidda

Miljødirektoratet dispenserer frå kravet om at fellesjaktavtalar må vera skriftlege, jf. hjorteviltforskriften § 31.

Overføring av fellingsløyve

Muntleg avtale for overføring av fellingsløyve mellom vald er tilstrekkeleg. Jeger som har gyldig fellingsløyve kan inngå avtale om innføring av fellingsløyve til anna vald, dersom jegeren har skriftleg eller muntleg løyve til dette frå jaktrettshavar i avgjevande vald (kortseljar/valdansvarleg representant).

Miljødirektoratet tilrår at det i størst mogeleg grad ligg føre skriftleg samtykke frå jaktrettshaver til jeger for å minimera potensielle konflikter, sjølv om dette ikkje er eit formelt krav. Dette kan for eksempel skje via stadfesting på SMS eller e-post.

Dyr

Miljødirektoratet dispenserer frå kravet om at kontrollkortet skal visa kva kategori dyr fellingsløyve gjeld for, jf. hjorteviltforskriften § 30.

Det er lov å fella alle kategoriar dyr på kontrollkort som er utstedt på vaksen bukk.

Registrering

Opplysningar om felte dyr og fellingsstad, herunder kartkoordinater, må registreres på appen "Sett og skutt" eller i Hjorteviltregisteret. Hjerne- og lymfeprøve av felte villrein, eitt år eller eldre, skal sendast til Veterinærinstituttet.