Påminning om innlevering av fangststatistikk frå garnfisketEidfjord fjellstyre minner om rapportering frå garnfisket i vatn og tjørn på allmenningen i år.Statistikken er viktig dokumentasjon av situasjonen i det enkelte vatn og for allmenningen samla. Samstundes er statistikken viktig for å dokumentera lokal bruk av lokale ressursar.All informasjon fjellstyret får vert handsama konfidensielt og vert ikkje publisert i ein form som kan sporast tilbake til den enkelte fiskar.Det er viktig at fjellstyret og får rapport om det ikkje er fiska.Rapportskjema Publisert 06.10.2025 11.08 Sist endra 06.10.2025 11.08