Påminning om innlevering av fangststatistikk frå garnfisketEidfjord fjellstyre minner om rapportering frå garnfisket i vatn og tjørn på allmenningen i år. Statistikken er viktig dokumentasjon av situasjonen i det enkelte vatn og for allmenningen samla. Samstundes er statistikken viktig for å dokumentera lokal bruk av lokale ressursar. All informasjon fjellstyret får vert handsama konfidensielt og vert ikkje publisert i ein form som kan sporast tilbake til den enkelte fiskar. Det er viktig at fjellstyret og får rapport om det ikkje er fiska. Rapportskjema Publisert08.10.2019 12.22 Sist endra15.10.2019 14.48