Eidfjord Kommune

Registrering av sett elg/hjort og felt hjortevilt

Registrering av sett elg/hjort og felt hjortevilt

Registering av sett elg/hjort og felt hjortevilt frå jakta, kan gjerast digitalt via Hjorteviltregisteret eller applikasjonen "Sett og skutt".

Registrering av sett og skoten elg og hjort vert gjort på jaktfeltnivå og registrering av skotne villrein vert gjort på valdnivå.

Hjorteviltregisteret

Du loggar deg inn med ditt jegernummer og fødselsdato under «jegere» på Hjorteviltregisteret.

Treng du rettleiing for registreringa finn du utfyllande forklaring og rettleiing her.

Applikasjonen "Sett og skutt"

Applikasjonen «Sett og skutt» er vesentleg forbetra sidan fjorårets jakt og blei nyleg tilgjengeleg også for iPhone. Hugs difor å oppdatera til siste versjon før du reiser på jakt!

Les meir om appen og finn brukarrettleiing her.

Har du spørsmål om den nye løysinga, ta kontakt med support via support@naturdata.no eller telefon 74 33 53 10.

Fyrste veka i hjortejakta og fyrste veka i elgjakta er supporttjenesten open til kl. 18 på kvardagar.

Kontakt

Gunnar Elnan
Rådgjevar - Plan
E-post
Telefon 53 67 36 52
Mobil 476 12 205