Tiltak for å betra tilgang til beite

Tiltak for å betre reinen sin tilgang til kalvingsområde og vår- og sommarbeite på nordvestvidda

Sak

Eidfjord fjellstyre - 23/014 (PDF, 135 kB)

Vedtak

  • Fjellstyret vil oppmoda løyvehavarane til å følgja tilsynsutvalet sine reglar for vintertransport
  • Fjellstyret vil for eigen del avslutta vintertransport til fjellstyret sine hytter sør og vest for Tinnhølen 16. april
  • Fjellstyret leiger ikkje ut fjellstyrehyttene i Langavasshadle og Viersla før 15. juli.

Rett til å klaga på vedtaket

Du har rett til å klaga på vedtaket. Dersom du klagar, må du senda klagen skriftleg til Eidfjord fjellstyre innan tre veker frå du mottek dette brevet. I klagen må du opplysa om kva du klagar på, og me ber om at du grunngjev klagen. Du må òg nemna den endringa du ynskjer i vedtaket du klagar på.

Dersom klagen gjev grunn til det, kan det organet som har fatta vedtaket det vert klaga på oppheva eller endra vedtaket. Viss dette ikkje skjer, vil underinstansen senda saka til klageinstansen, som vil fatta endeleg vedtak, jf. fjellova § 10 og forvaltningslova kap. VI.

E-post til Eidfjord fjellstyre