Trekking av tilbod om småviltjakt for perioden 15.09-30.09

Fjellstyret har føreteke trekking av tilbod om småviltjakt. 

Det er mange søkjarar, så mange får difor ikkje høve til jakt som omsøkt. Dei jaktlaga som er trekt ut er varsla med e-post. Dere som ikkje har fått slikt varsel har difor ikkje vorte trekt ut med tilbod.

Dei som er trekt ut vert oppmoda om å gje tilbakemelding om laget ikkje ynskjer å nytta tilbodet. Dersom fjellstyret får slikt varsel vert nye jegerar trekt ut og varsla med e-post.

Ordninga fjellstyret brukar med trekking av tilbod om jakt fungerer slik at tilbodet vert omgjort til eit konkret jaktkort dersom taksering fyrst i august viser at det er nok rype å jakta på. Betaling av jaktkort skal difor ikkje gjerast før dei som er trekt ut vert varsla om det.