Trekningsliste og ordningar for villreinjakta 2021

Fjellstyret har vedteke å slutte seg til Villreinutvalet si tilråding til fellingskvote, korttyper og jakttid.

Tilråding

Med atterhald om at Villreinutvalet si tilråding vert endeleg, gjeld følgjande:

  • Det vert tildelt ein kvote på 8.000 kort
  • Kvoten vert tildelt med 50% av korttypen «valfritt dyr» og 50% av korttypen «vaksen bukk 2,5 år og eldre».
  • Det vert inkludert ein ekstra kalv i kvart av korta. Kort vert utforma med to kjøtmerkelappar.
  • Korttypen «vaksen bukk 2,5 år og eldre» vert gjort om til «valfritt dyr» frå og med måndag 6. september.
  • Ordinær jakttid vert utvida i forkant, i perioden frå og med 10. til og med 19. august.
  • Ordinær jakttid vert utvida i etterkant, i perioden frå og med 1. til og med 7. oktober.
  • Utviding av jakttida vert gjort for områda sør for Rv. 7. Jakttida nord for Rv 7 er frå og med 20. august til og med 30. september. (Fjellstyret sitt tillegg)

Ordningar

I tillegg har fjellstyret fatta vedtak om følgjande ordningar.

Ordningane for jakta er grunngjeve i ynskje om lokal forvaltning og styring av jakt og forvaltning. Det er difor viktig at: 

  • alle felte dyr skal registrerast i Set og skutt eller hjorteviltportalen.no; 
  • hjerne- og lymfeknuteprøve frå alle felte vaksne dyr skal takast og sendast inn 
  • slaktevekt på all kalv skal registrerast med nøyaktig vekt.

(Vekter vert lagt ut på fjellstyrehyttene og Sandhaug og Besso turisthytte)

Ordningar for reinsjakta 2021

Trekningsliste

Fjellstyret kjem tilbake med varsling om tildeling og fristar for betaling når kvote, korttypar og jakttider er endeleg. Vedlagte trekningsliste viser rekkefølge for tildeling av fellingsløyve. Dei 130 fyrste vil få tilbod om jakt i fyrste omgang, nr 131 og nedover lista er på varamannplass.

Trekningsliste (PDF, 105 kB)

Varaplassliste (PDF, 110 kB)