Innspel til garnfiskereglaneFjellstyret skal ha ein gjennomgang av garnfiskereglane for vatn i statsallmenninga og ynskjer i den samanheng innspel.Fjellstyret ynskjer spesielt innspel til;Tynningsfiske. Det er opna for tynningsfiske i namngjevne vatn frå 1. juli i gjeldande reglar. Skal ordninga endrast?Garnfiske for utanbygdsbuande. Reglane opnar for garnfiske med spesielt garnkort i namngjevne vatn for utanbygdsbuande, skal ordninga endrast?Garnfisketida. Det ordinære garnfiske begynner 26. juli, er det grunn til å endra på fisketider? Gjeldande fiskereglar finn du her Reglar garnfiske - Eidfjord FjellstyreFjellstyret bed om at innspel sendast til fjellstyre@eidfjord.kommune.no eller leverast skriftleg til ekspedisjonen på kommunehuset innan 1. januar 2027. Publisert 09.11.2026 14:42 Sist endra 09.11.2026 14:42