Påminning frå fjellstyret

Jakt og garnfiske er over for i år. 
Fjellstyret minner om plikt til å rapportera til hjortviltregisteret felt rein og returnera alle tildelte fellingsløyve.
Vidare oppmoder fjellstyret til å levera inn garnfiskerapport, også om du ikkje har fiska.

Rapport kan leverast elektronisk på heimesida til fjellstyret Garnfiske - Eidfjord Fjellstyre eller på papirskjema.

Fjellstyre sine hytter er eit tilbod til innbyggjarane i Eidfjord for utnytting av rettane i allmenningen. For at fjellstyre skal kunna halda hyttene opne og med eigne nøklar til brukarane, er bruk basert på tillit. Bed difor at bruk vert gjort opp.

Gjeldande prisar er;

  1. Innabygdsbuande
    Leige pr. person pr. døgn er kr. 150,-
    Born under 16 år - gratis

    Utanbygdsbuande
    Leige pr. person pr. døgn kr. 400,-
    Born under 16 år - gratis

          
Betaling for hyttene skjer med bruk av vipps #125429.