Søknad om villreinjakt

Reinsjakt i statsallmenning er ein rett som i utgangspunktet høyrer til innbyggjarar i dei gardar og grender som frå gamalt av har retten. Dette betyr at det er opp til fjellstyret om jegerar buande utanom området med rett, får tilbod om jakt.

Søknad om villreinjakt

Søknadsfrist

Søknadsfrist for villreinjakt er 2. mai.

Kvittering

Etter innsending av skjemaet skal du motta ein stadfesting på e-postadressa du har oppgitt.
Dette er din kvittering på at søknaden er registrert. Ta godt vare på denne!
Ta kontakt med Eidfjord fjellstyre viss du ikkje får ein slik e-post!

Fellingskvote

Fjellstyret avgjer frå år til år ordningar og reglar for villreinjakta. Bakgrunnen for dette er at fellingskvoten vert fastsett for kvart år. Det meste av allmenningen er lett tilgjengeleg, dette gjer at fjellstyret må ta omsyn til kor mange jegerar dei tillet skal jakta.

Informasjon

Du må vera bustadregistrert i Eidfjord pr 1. januar året du søkjer for at du er å rekna som innanbygds søkjar.  Det er kommunegrensa pr 1. januar 1956 som gjeld.  Alle andre er å rekna som utanbygds søkjar.
     
Er du over 16 år og under 18 år fram til 20. august jaktåret må du ha tilsynsjeger.   
 

Kontakt

Gunnar Elnan
Sekretær - Gunnar Elnan
E-post
Telefon 47 61 22 05
Mobil 47 61 22 05

Gunnar Elnan er sekretær for Eidfjord fjellstyre.
Kontor på kommunehuset i midtfløyen 2. etg.