100 år
I år rundar Coop Eidfjord heile 100 år – og det skal sjølvsagt feirast skikkeleg! Gjennom heile veka inviterer me til gode tilbod, aktivitetar og kjekke opplevingar for både små og store
Ekstra gode jubileumstilbod
Heile veka byr me på ei rekkje knalltilbod på utvalde varer – alt frå brød og kaffi til snacks og småis. Sjå etter plakatar merka «COOP EIDFJORD 100 ÅR» i butikken!
Vinn flotte premiar!
Alle som handlar i løpet av veka, kan vera med i trekking av gåvekort og lekre fruktkorger. Lever kvitteringa di i konkurransekassa på butikken – kanskje er det du som vinn? (Premiar blir delte ut laurdag i veke 24, og må kunne hentast då)
Teiknekonkurranse for dei minste
Me inviterer barnehagen og SFO til teiknekonkurranse – vinnaren får billettar til Mikkelparken!
Frukost for pensjonistane (8. juni)
(måndag kl 08.30-09.30, butikken opnar etter frukosten)
Måndag i jubileumsveka ønskjer me pensjonistane velkomne til hyggeleg frukost (og kanskje eit kakestykke) og sosialt lag. Vert ei lita mimrestund om historia til laget.
Familiedag i Ostangen (13. juni)
(laurdag 12.00-16.00)
Dette vert ein dag full av liv og røre!
- Ansiktsmåling
- Ballonggjøglarar
- Fotballsimulator
- Vikingleikar med Ravenheart
- Me serverer varm lapskaus og kake
- Kanskje dukkar Dovendyret opp òg?
Me gledar oss til å feire saman med deg – velkomen til jubileumsveka!