• Hending

Dynafit hardangerjøkulen Ultra

Dato

Lørdag 11. juli 2026 - søndag 12. juli 2026

Tidspunkt

kl. 07:00 - 08:00

Stad

Liseth Pensjonat

Laurdag 11. juli 

Dynafit Hardangerjøkulen Ultra 95K er eit løp som verkeleg vil ta pusten frå deg. Start og målgang finn stad ved idylliske Liseth Pensjonat & Hyttetun, med spektakulær utsikt over Vøringsfossen i Eidfjord.

Løypa tek deg med rundt ein av Noregs vakraste isbrear – Hardangerjøkulen. Undervegs beveger du deg i variert høgfjellsterreng langs Den Norske Turistforening sitt rutenett. Her møter du både flytande stiar og meir tekniske, krevjande parti. Ver merksam på at delar av løypa kan ha snødekke. For deg som ønskjer ein litt kortare utfordring, tilbyr vi òg ei 34 km løype. Denne følgjer delar av den same traseen som ultraløpet og byr på variert og til tider krevjande fjellterreng – ei oppleving frå start til mål.

Liseth Pensjonat & Hyttetun er basen vår gjennom heile helga. Her kan du booke overnatting, nyte eit godt måltid, og slappe av ved bålpanna. Samstundes kan du følgje løpet direkte på storskjerm – heile dagen og natta.

 

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

XtremEidfjord

Om staden

Namn

Liseth Pensjonat

Om arrangementet