Norseman Xtreme Triathlon er eit av verdas tøffaste triatlon og trekkjer utøvarar frå heile verda til Hardanger. Løpet startar med symjing i Eidfjord, før deltakarane syklar opp bratte fjellvegar og avsluttar med eit krevjande maraton opp mot spektakulære Gaustatoppen.
Dette er eit rått møte med naturen – der kulde, vær og terreng set både fysisk og mental styrke på prøve. Publikum kan oppleve dramatikken langs løypa, spesielt i Eidfjord der starten går i dei tidlege morgontimane.
Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.