Rein Hardangerfjord er eit femårig prosjekt for å rydda Hardangerfjorden for plast og avfall på avveie. Aksjonen er verdas største ryddeaksjon for plast.
Delta i ryddinga!
Me oppfordra lokalbefolkning, organisasjoner og bedriftar til å ta eit tak for ein reinare Hardangerfjord. Me oppfordra til rydding av avfall på avvege, både til lands og til vanns, i aksjonsveka. Eidfjord kommune har hanskar og sekkar til uttdeling i resepsjonen på kommunehuset for dei som ynskjer å delta. Dette er tilgjengeleg innanfor alle kvardagar mellom 09.00 til 15.00, fram til veke 39.
Levering
Avfall frå land, sjø og vassdrag kan leverast i eigen kontainer. Det er utplassert kontainer på torgplassen i Eidfjord sentrum, og på kaien ved kompostanlegget i Simadal (Simadal Næringspark 25). Dersom du ikkje har moglegheit å få levert avfallet på mottakstasjonen sjølv kan du setje det i nærleiken av ein veg, og gje beskjed til kommunen. Då vil kommunen sørge for plukke det opp.
Me oppfordra til å halda naturen rein året rundt. Dersom nokon ynskjer å samle søppel i naturen utanom aksjonsveka er det mogleg å hente utstyr på kommunehuset gjennom året.
Organisere ryddelag
Dersom du ynskjer å organisere ditt eige ryddelag kan du melde deg på ved å oppsøka www.framtidshavet.no/reinhardangerfjord , og trykk «meld din interesse». Dersom du deltar på eit organisert ryddelag så vil Framtidshavet dekka inntil 150kr til mat og drikka per person som deltar på ryddinga. Ryddeleiar må legga ut for innkjøp og fylla ut refusjonsskjema. Om aktuelt kan du kontakte kommunen for å få dette tilsendt.
Framtidshavets signalaksjon
17. september vil det føregå ein storstilt ryddeaksjon i regi av Fremtidshavet og IUA (Interkommunalt utval mot akutt forurensing) på nordsida av Simadalsfjorden. Dei vil bruka dagen som øving for opprydding etter akutt forureining med å rydde strandsona. Ved spørsmål kring dette kontakt Jostein Sydnes (jostein@kulturkontoret.as, telefon: 9137 1097)