TV-aksjonen støttar menneske på flukt
Kvart sekund må eit menneske flykta på grunn av krig og konflikt. I år går TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpa. Målet er å gje over 400 000 menneske på flukt i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og Den demokratiske republikken Kongo ein trygg stad å bu og håp for framtida.
Nærare 120 millionar menneske er no på flukt frå krig, konflikt og forfølging. Av desse er 48 millionar born.
Dette går pengane til
Pengane frå TV-aksjonen går mellom anna til:
- nødbustadar
- mellombelse heimar
- varige heimar
- vatn- og sanitærtilbod
- juridisk hjelp
Program for basaren
På basaren vert det musikalske innslag og sal av produkt som elevane har laga.
Betaling
Me tek imot betaling med Vipps.