Korleis har norske matvanar endra seg gjennom tidene? I dette foredraget tek Annechen Bahr Bugge deg med på ei reise gjennom norske mattradisjonar og viser korleis maten speglar utviklinga i samfunnet.
Få innblikk i norske matvanar
Professor Annechen Bahr Bugge fortel om utviklinga frå den tradisjonelle husmannskosten til dagens mangfaldige matkultur.
Gjennom foredraget får du høyra om:
- norske mattradisjonar gjennom ulike tider
- korleis samfunnet har påverka kva me et
- endringar i kvardagskost og matkultur
- utviklinga fram til dagens store utval av mat og råvarer
SeniorUni på biblioteket
SeniorUni er ein serie med strøymde foredrag for nysgjerrige vaksne som har høve til å delta på dagtid.
Det er gratis inngang.