Korleis oppstod livet på jorda? I dette foredraget får du innblikk i eit av dei største uløyste spørsmåla i vitskapen.
Lær om korleis livet kan ha oppstått
Professor Klaus Høiland tek deg med inn i forskinga på livets opphav.
Du får høyra om:
- dei kjemiske byggjeklossane som livet er bygt opp av
- prosessane som kan ha ført frå enkel kjemi til levande organismar
- ulike teoriar om korleis livet oppstod på jorda
- kvifor spørsmålet framleis ikkje har fått eit endeleg svar
Ei reise inn i eit av vitskapens største mysterium
Foredraget gjev ei innføring i korleis forskarar prøver å forstå overgangen frå livlaus materie til liv. Temaet kombinerer kunnskap frå biologi, kjemi og geologi, og viser korleis nye oppdagingar kan kasta lys over eit spørsmål som framleis står ope.
Velkomen til foredrag på biblioteket
SeniorUni er ein serie med strøymde foredrag for nysgjerrige vaksne som har høve til å delta på dagtid. Det er gratis inngang.
Foredraget passar for deg som er nysgjerrig på naturvitskap og dei store spørsmåla om livet og verda rundt oss.