Kva gjorde at ei lita øynasjon kunne få så stor påverknad på verda? SeniorUni inviterer til eit digitalt foredrag der lektor Øivind Bratberg (PhD) tek oss med på ei engasjerande reise gjennom britisk politikk, kultur og historie.
Frå Winston Churchill og det britiske imperiet til The Beatles og dronninga sjølv: Bratberg viser korleis Storbritannia har sett spor etter seg langt utanfor eigne grenser. Med humor, innsikt og kjende historiske personar gir han eit levande innblikk i landet si utvikling og rolle i verda.
Foredraget er ein del av SeniorUni, ein serie med digitale foredrag for nysgjerrige vaksne som har høve til å delta på dagtid.