Korleis har kunsten forma førestillingane våre om jul gjennom tidene? I dette digitale SeniorUni-foredraget tek kunsthistorikar Renate Rivedal oss med på ei stemningsfull reise gjennom kunstverk som skildrar jul, vinter, tradisjonar og høgtid.
Gjennom kjende og mindre kjende bilete får du innblikk i korleis kunstnarar har tolka juleforteljinga og julefeiringa, og korleis kunsten har vore med på å skapa dei visuelle tradisjonane me kjenner i dag.
Foredraget er ein del av SeniorUni, ein serie med digitale foredrag for nysgjerrige vaksne som har høve til å delta på dagtid.