• Hending

Stemningsfull stund i minnelunden

Dato

Søndag 1. november 2026

Tidspunkt

kl. 17:30 - 18:00

Stad

Minnelund

Last ned kalenderfil (.ics)

Eidfjord kyrkje inviterer deg til ei stemningsfull stund i minnelunden 1. november kl 1730

Saknar du nokon som ikkje er her lenger? Her kan du minnast nokon du er glad i, tenne eit lys eller berre vere ei stund. Med tonar frå hardingfela til Svein Laingen Kjerland er lagt til rette for ei varm og stemningsfull atmosfære. Konfirmantane sørger for flammer i bålpanna og varm kaffi. Om veret skulle bestemme seg for å bli ruskete, tar me den lune stunda inne i kyrkjelydssalen.

Minnegudsteneste
Etter samlinga går dei som ønskjer det inn i kyrkja for minnegudsteneste som startar kl 1800. Det blir hardingreletonar også der. Me håper mange vil ta turen denne dagen. Velkommen! 

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Eidfjord kyrkje

Om staden

Namn

Minnelund