Kva er ei uro eller ei bekymring?
Å beskriva uro er utfordrande. Det kan vera noko du har sett eller høyrt, eller ei kjensle for situasjonen. Du skal prøva å setja ord på uroa du kjenner – før du tek saka vidare.
Du skal snakka med barnet for å høyra kva det sjølv tenkjer om det du ser, har høyrt eller kjenner på. Unntaket er dersom uroa gjeld mistanke om vald og overgrep. Då må du ta kontakt med barnevern eller politi.
Konkretiser uroa/bekymringa
Prøv å setja ord på bekymringa eller uroa du kjenner før du tek saka videre. Når signala er vage kan dette vera vanskeleg. I verktøysmenyen finn du fleire verktøy som kan vera til hjelp når du skal definera bekymringa di.