Kva gjer de?
Det er no naudsynt med eit breitt samarbeid mellom fleire tenester.
Stafetthaldar presenterer problemstillinga for aktuell instans/teneste saman med føresette/barnet. Aktuell instans legg fram plan for utgreiing/undersøking/tiltak i samarbeid med føresette/barnet og dei andre involverte tenestene. Planlegg vegen videre og dato for neste samarbeidsmøte.
Korleis gjer de det?
Stafetthaldar er ansvarleg for møteleiing og å oppdatera stafettloggen. Kvar eining må vurdera om stafettloggen er tilstrekkeleg som dokumentasjon eller om det trengst eige referat i deira fagprogram.
Avklar kven som skal vera stafetthaldar videre.
Ansvar:
Stafetthaldar koordinerar samarbeidet saman med føresette/barnet