Avgjersla om vegen vidare
Kva gjer du?
Fatt ei avgjerd om vegen vidare.
Korleis gjer du det?
Det er tre moglege utfall av vegen vidare:
- Tiltaka har ønskt effekt, det er ikkje lenger grunn til bekymring. – Avslutt stafettloggen.
- Tiltaka har effekt, men ein er ikkje heilt i mål. – Arbeidet fortset i nivå 1. Dersom det skal iverksettast fleire tiltak i eiga eining, gå til punkt 3 på dette nivået.
- Tiltaka har ikkje gitt ønska effekt. Det er behov for hjelp frå eksterne tenester/einingar. Drøft videre innsats.
- Bestem aktuelle samarbeidspartnarar og inviter dei til møte på nivå 2 innan to veker. Hugs å henta samtykke frå føresette når det gjeld nye samarbeidspartnarar.
Det er framleis mogleg å drøfta saka i tverrfaglegteam. Hugs samtykke dersom saka ikkje skal drøftast anonymt.
Skal barnevernstenesta koplast på, sjå meldeskjema under Tilhøyrande verktøy.
Rektor skal alltid koplast på/informerast der skulen er ein del av eit tverretatleg samarbeid.
Ansvar:
Alle involverte partar i samarbeidet saman med føresette.