Friskliv og folkehelse

Me tilbyr fleire aktivitetar og kurs som gjer det enklare for deg å halda deg aktiv og ta vare på helsa di. Her finn du oversikt over treningstilbod, prisar og korleis du kan få hjelp til å meistra kvardagen.

Kva tilbod finst i kommunen?

Alle som bur i Eidfjord skal ha moglegheit til å leva eit aktivt liv. Du kan nytta deg av desse tilboda:

Prisar på kurs og trening

Tabellen under viser kva det kostar å delta på dei ulike kursa og treningane.

Folkehelsetiltak
TilbodPris
Babysymjing (8 veker)800
Vasstrening (7 veker)1000
Sertifiseringskurs ungdom500
Sertifiseringskurs eldre500

Få hjelp til betre helse og meistring

Ønskjer du å oppnå betre helse, eller treng du støtte til å meistra kvardagen? Friskliv og meistring er eit samarbeid mellom kommunane Eidfjord, Ulvik, Vaksdal og Voss herad.

Tenesta er tilgjengeleg for deg som bur i Eidfjord, og du finn meir informasjon om tilboda på nettsidene til Voss herad og på Facebook.

Planar og styringsdokument

Dersom du vil lesa meir om korleis kommunen jobbar med folkehelse og førebygging, kan du sjå i planane og oversiktene våre:

Lurer du på noko om folkehelsetilboda?

Ta kontakt med førebyggingskoordinator Kari Lægreid i Eidfjord kommune dersom du vil melda deg på kurs eller har spørsmål om treningstilboda.