Friskliv og folkehelseMe tilbyr fleire aktivitetar og kurs som gjer det enklare for deg å halda deg aktiv og ta vare på helsa di. Her finn du oversikt over treningstilbod, prisar og korleis du kan få hjelp til å meistra kvardagen. Kva tilbod finst i kommunen?Alle som bur i Eidfjord skal ha moglegheit til å leva eit aktivt liv. Du kan nytta deg av desse tilboda:Babysymjing for born frå seks veker til eitt årStyrketrening for ungdomStyrketrening for eldreVasstrening i bassengSeniorUniSeniorkinoEidfjord fritidssenter på tidlegare Sæbø skuleMerka sti- og turløyper i heile bygdaVariert fritidstilbod - lenke til filtrering på faste aktivitetarTilbod innan friskliv og meistringPrisar på kurs og treningTabellen under viser kva det kostar å delta på dei ulike kursa og treningane. FolkehelsetiltakTilbodPrisBabysymjing (8 veker)800Vasstrening (7 veker)1000Sertifiseringskurs ungdom500Sertifiseringskurs eldre500 Få hjelp til betre helse og meistringØnskjer du å oppnå betre helse, eller treng du støtte til å meistra kvardagen? Friskliv og meistring er eit samarbeid mellom kommunane Eidfjord, Ulvik, Vaksdal og Voss herad.Tenesta er tilgjengeleg for deg som bur i Eidfjord, og du finn meir informasjon om tilboda på nettsidene til Voss herad og på Facebook.Sjå tilboda hos Friskliv og meistring på nettsidene til Voss heradFølg Friskliv og meistring på Facebook-sida deiraPlanar og styringsdokumentDersom du vil lesa meir om korleis kommunen jobbar med folkehelse og førebygging, kan du sjå i planane og oversiktene våre:Les meir om folkehelsearbeid i kommunaneSjå ruspolitisk handlingsplan for Eidfjord kommuneLast ned folkehelseoversikta for Eidfjord kommune (PDF, 2 MB)Lurer du på noko om folkehelsetilboda?Ta kontakt med førebyggingskoordinator Kari Lægreid i Eidfjord kommune dersom du vil melda deg på kurs eller har spørsmål om treningstilboda. Publisert 20.11.2026 14:24 Sist endra 23.11.2026 13:07