Eidfjord Kommune

Endring av garnfiskereglane

Endring av garnfiskereglane

Endring av garnfiskereglane og freding av kulp i Bjoreio

Vedtak

Med atterhald om at det ikkje er merknader frå vilt- og innlandsfiskenemnda, vert følgjande endringar i garnfiskereglane vedteke:

  1. I følgjande vatn er det ikkje tillete med større maskevidde enn 35mm (18 omf.): Drageidfjorden, Holbergtjørn, Dyratjørna, Halnetjørn, Inste og heimste Olavsbuvatn, Dalboretjørn, Skardtjenne, Fisketjørn, Langavatn N, Svartavasstjørn, Svartavatnet, Leirvatnet, Holbergtjørna, Lakadalstjørna, Bessevatn Dimmedalsvatnet, Bismaren og Øvre Bessevatnet.

Det vert ikkje gjort endringar for reglar om maskevidde for Lakjen.

Samstundes vert det opna for bruk av tynningsgarn i samband med ordinært garnfiske og i villreinjakta fram til og med 15. september. Fjellstyret sine tynningsgarn skal nyttast til dette fisket.

Reglane om garndøger i vatn og tjørn vert førebels oppheva. Fjellstyret freder øvste kulpen i Bjoreio mellom gangbrua og utløpsdammen frå Tinnhølen for alt fiske. Forbodet skal merkast godt med skilt.

Reglar garnfiske