Tilbod om fellingsløyve på villrein i Eidfjord statsallmenning

Eidfjord fjellstyre har føreteke trekking av tilbod om villreinjakt.

Trekningsliste og ordningar for villreinjakta 2021

Prisar

  • Innanbygds som søkte innan fristen 2. mai, kr 2 600,- for 1 fritt dyr + 1 bukk 2½ år og eldre (ein pakke). Innanbygds som ynskjer kjøpa ekstra pakke betalar kr 1 000 for pakka.
  • Innanbygds som søkte etter fristen 2. mai betalar som i pkt. 1 pluss eit straffegebyr på kr 500,-
  • Innanbygds ungdom i opplæringsjakt (16-18 år ved jaktstart) får 1 fritt dyr for kr 510,-
  • Jegerar som ikkje  har bustadadressa Eidfjord pr. 1.1 2021 betalar kr 5 200,- for pakke med 1 fritt dyr + 1 bukk 2½ år og eldre.

Betaling

  • Dersom du ynskjer fellingsløyve tilsendt, eller betalar kontant kjem ei ekstraavgift på kr 200
  • Innbetaling skjer til Eidfjord fjellstyre, konto 3450 20 04966 eller vipps 125429
  • Merk innbetaling med namn på jeger

Tilbodet

Dette tilbodet gjeld fram til 1. juli. 

Dersom de ikkje ynskjer å nytta tilbodet bed me om tilbakemelding til fjellstyre@eidfjord.kommune.no