Gamla Sandhaug

Om hytta

Gamla Sandhaug har to hytter, ei gammal steinbu og ein nyare trehytte. Trehytta er nyare (ferdig i 2007) har høg standard og er godt utstyrt.

Steinbua var bygd for turførarane (også kalla førarbua) til DNT. Gamla Sandhaug turisthytte låg i nærleiken før denne vart flytta. Ei steinbu vil normalt vera litt rå, det er ingen fuktsperre i veggar eller golv.

Fjellstyret har båtar som brukast for å krysse vassdraget og til fiske. I sumarhalvåret skal det liggja ei lita plastjolle på sørsida. Hyttene ligg på ein tange ned mot Lakjen, ca 30 min. gangtid frå Sandhaug turisthytta, 3 timar gangtid frå Tinnhølen via Hellehalsen.

Storleik og utstyr

  • Storleik: 58 m2 trehytta og 20 m2 steinbua
  • Oppvarming: Vedomn
  • Vatn: Kan henta i bekk/vatn
  • Sengeplassar: 10 sengeplassar i trehytta, 4 sengeplassar i steinhytta
  • Straum: Solcelle i trehytta, ingen straum i steinbua
  • Toalett: Biodo
  • Kokemuligheter: Gass
  • Kjøkkenutstyr: Kjeler, kopper, fat og spisebestikk
  • Sengetøy: Nei
  • Hund tillete: Berre i inngang i trehytta, tillete i steinbua

Leige og nøkkel

  • Nøkkel: Alle hytter er låst, nøkkel vert lånt ut av fjellstyret (sjå utleigereglar)
  • Leigeprisar innabygds: Leige pr. person pr. døgn kr. 100/born u. 16 år kr. 60
  • Leigeprisar utanbygdsbuande: Leige pr. person pr. døgn kr. 300/ born u. 16 år kr. 60
  • Utleigetid: Berre for innabygdsbuande utanom reinjakta
  • Leige hytta i reinjakta: I reinjakta vert hyttene ikkje leigd ut, dei skal vera tilgjengelege for alle innabygds reinjegarar

Sjå lokalisering av hytta i kartet

Utleigereglar

Ordensreglar

Kontakt

Gunnar Elnan
Sekretær - Gunnar Elnan
E-post
Telefon 47 61 22 05
Mobil 47 61 22 05

Gunnar Elnan er sekretær for Eidfjord fjellstyre.
Kontor på kommunehuset i midtfløyen 2. etg.