Kommunedelplan for naturmangfald 2022

Kommunedelplan for naturmangfald vart politisk vedteke 13.06.2022. Planen gjev eit innblikk i det store mangfaldet ein finn i Eidfjord kommune, samt mål og tiltak for å forvalta dette på best mogleg måte. 

Bakgrunn for kommunedelplan for naturmangfald

Miljødirektoratet gjennomførte i 2016-2018 eit pilotprosjekt der 10 norske kommunar
utarbeida ein eigen kommunedelplan for naturmangfald. Bakgrunnen for
pilotprosjektet var Stortingsmeldinga St. 2014 (2015-2016) «Natur for livet», som er
ein handslingsplan for naturmangfald. Stortingsmeldinga peikar på viktigheita med
naturmangfaldet i kommunane, og omtalar problemstillingar kring dei utfordringane
naturmangfaldet står ovanfor, og kva prioriteringar og verkemidler som bør
iverksetjast for å ta vare på det.

Handlingsplanen omtala naturen som sjølve livsgrunnlaget vårt, og at
generasjonsperspektiv må leggjast til grunn ved forvaltninga av norsk natur. Målet er
å sikra framtidige generasjonars moglegheit til å skapa verdiar basert på
velfungerande økosystem. Den slår fast at me må bidra til at dagens bruk av naturen
er berekraftig, hindra at artar vert utrydda og naturtyper forsvinn, og vidareføra
arbeidet med å ta vare på eit representativt utvalg av norsk natur.

Pilotprosjektet vart vidareført og alle norske kommunar vart våren 2020 inviterte til å
søkja tilskot til å utarbeida ein eigen kommunedelplan for naturmangfald. Eidfjord
kommune er ein av tolv kommunar som får tilskot frå Miljødirektoratet til sitt
planarbeid.

Utarbeiding av plan 

Kommunedelplanen tek for seg eksisterande naturmangfald i Eidfjord kommune. Planen er delt i tre. Fyrste del omhandla planen føremål og bakgrunn. Del to gjennomgår verneområder, raudlisteartar og presentasjon av naturmangfaldet som er kartlagt. Del tre legger fram mål og tiltak for å bevara mangfoldet

Planen er utarbeida på eksisterande kunnskapsgrunnlag, et er ikkje føretatt nye undersøkinger i samband med prosessen. Naturmangfald er stadig i endring, difor er det behov for meir kartlegging for framtida.

Kommunedelplanen skal vera dynamisk, i den forstand at status for naturmangfaldet
i kommunen endrar seg over tid. Målet er at kommuneplanen skal verta oppdatert
etterkvart som nye områder vert kartlagt, eller status for allereie kartlagde områder
endrar seg.

Kommunedelplan for naturmangfald i Eidfjord kommune (PDF, 4 MB)

Vedlegg 1 - Hovudkart  (PDF, 4 MB)
Vedlegg 2 - Delkart Bu - Nedre Eidfjord (PDF, 3 MB)
Vedlegg 3 - Delkart Øvre Eidfjord - Hjølmo - Sysendalen (PDF, 3 MB)

Korleis nytta planen?

Naturmangfaldplanen skal vera ein rettleiar i arbeidet for administrasjon og politikare i val. Den skal gje oss ei oversikt over kommunens verdier og ressursar, og korleis me bør arbeida for å forvalta desse på ei fornuftig måte.