Zalaris Norseman Xtreme Triathlon

Start 3.  august kl. 05.00

Dato
3. august 2024
Tid
5:00 - 10:00
Stad
Eidfjord

Frå Eidfjord til Gaustatoppen på 12 timar! Lørdag 3. august 2024

Ein svært spesiell konkurranse går av stabelen med Eidfjord som startstad. 250 deltakarar frå heile verda skal symja 3,8 kilometer i fjorden, 180km på sykkel opp Måbødalen, over Hardangervidda og vidare springa eit fullmarathon til Rjukan og med målgang på Gaustatoppen!

Vil du sjå deltakarar så er det mogeleg langs rv. 7 og fv. 40. Gjerne heng ut flagg og ein heie-gjeng. Dei kjem ein og ein, ikkje i grupper eller puljer.
Arrangementet kan skapa trafikkutfordringar og vanskeligare framkomst. Arrangøren spør alle bilister om å visa omsyn.

Informasjon om hendinga

Arrangør

NXTRI