• Hending

16 ukers helvete bootcamp

Dato

Tirsdag 17. juni 2025

Tidspunkt

kl. 10.00 - 16.00

Stad

Parkeringsplassen på Høel

Tysdag 17. juni 2025
kl 10.00 Start ved p-plassen på Høel
kl 16.00 og utover, målgang ved Liseth Pensjonat

16 ukers helvete bootcamp

Hardangervidda vert arena for blod, sveitte og tårer, men òg smil og latter når «16 ukers helvete bootcamp» inntek Eidfjord.

Tysdag 17. juni skjer det noko heilt unikt i vakre Eidfjord – og du er invitert til å vera med og heia! Då kjem TVNorge-programmet «16 vekers helvete bootcamp» til bygda, og seks supermotiverte (og litt småskremde) kjendisar skal springa Hardangervidda Maraton – ei løypa kjent for sin spektakulære natur og nådelause motbakkar.

Deltakarane

Deltakarane i årets sesong er eit fargerikt og engasjerande lag beståande av; Tommy Steine, Carina Olset Hovda, Frida Marie Grande, Joakim Hykkerud, Chris Medina og Brynjar Meling. Dei har jobba beinhardt for å leggja om livsstilen, med trening, kosthald og mental styrke i fokus – alt under kyndig leiing av tidlegare langrennsstjerne og coach Martin Johnsrud Sundby, samt kosthaldsekspert Anette Skarpaas Ramm.

No skal dei setja alt på spel i den tøffe fjellmaraton-løypa – 73 dagar før det offisielle løpet går av stabelen 30. august. Og dei skal ikkje springe åleine: 30 spreke utfordrarar – derav halvparten er lokale frå Eidfjord og omegn – stiller til start for å gje dei kamp til målstreken.

– Dette vert ei rå oppleving for både deltakarane og publikum. Me gler oss til å visa fram naturen, folka og løypa her på Hardangervidda til heile Noreg, seier Martin Johnsrud Sundby, som òg hintar til ei lita overrasking som ventar deltakarane ved målgang.

Ta grep i eige liv

«16 vekers helvete bootcamp» er meir enn berre eit TV-program – det handlar om å ta grep i eige liv, finna ny motivasjon og oppdaga kor mykje du faktisk kan klara, med rett støtte og innsats. Og kva er betre ramme for dette enn storslegne Hardangervidda!

Me håpar lokalsamfunnet tek turen opp til start på p-plassen på Høel, eller ved målgang på Liseth, denne dagen for å heia og laga god stemning, seier Martin Johnsrud Sundby!

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

TV-Norge

Om staden

Namn

Parkeringsplassen på Høel