Oppstilling ved Ungdomshuset i Nedre Eidfjord og avreise ca. kl 11.
Påmelding til Elsa Garatun tlf. 99 70 67 80 med namn og telefonnummer seinast fredag 13. juni, for å kunne organisera transporten med privatbilar.
Fint om dei som køyrer til Tjoflot med privatbil kan gje særskild beskjed og gjerne ta med 3 passasjerar pr. bil i tillegg til føraren.
Kvar deltakar tek med niste/drikke/krus til seg sjølv og ein avtalar at 1 person i kvar bil tek med ei termoskanne kaffi.
Det kan bli eit par stopp på vegen til Tjoflot for historisk orientering. Vidare synfaring i det gamle naustmiljøet på Naustflot nedanfor Tjoflot, der dei arbeider med restaurering.
Vidare program er ikkje heilt fastlagt.