• Hending

Dynafit Hardangervidda Marathon

Dato

Lørdag 30. august 2025

Tidspunkt

kl. 00.00 - 23.00

Stad

Fossatromme Vøringfoss

30. august 2025

Velkommen til Dynafit Hardangervidda Maraton! Dette er ikkje ein vanleg maraton der du spring på asfalt i ein flat løypeprofil. Her er det fjellvidder og store naturopplevingar som er stikkorda. Du spring i fjellterreng i spektakulære omgivelsar på Hardangervidda. Undervegs får du, som ein liten ekstrabonus, to blytunge klatreetappar som garantert vil svi så det held. Dette blir hardt, brutalt og heilt nydeleg. Denne dagen får du brukt alt du har av krefter og på kjøpet får du ei naturoppleving du seint vil gløyme.

Det er sett eit tak på totalt 500 deltakarar.

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

XtremEidfjord

Om staden

Namn

Fossatromme Vøringfoss

Om arrangementet