Fredag 3. oktober
20.00 – Quizkveld på Yppal mat & drykk i Ulvik.
Dørene opnar kl. 19.00. Ope utover kvelden.
Laurdag 4. oktober
10.00-15.00 - Oktobertorg i Ulvik med loppemarknad, auksjon, torg og matservering
- Grønsaker, tradisjonsbakst, handverk, frukt og saft m.m
- Rebusjakt for borna i regi av Ulvik Turlag og Haugesenteret
- Ulvik Lions sin årlege loppemarknad, på oppsida av Coop Prix
- Underhaldning på torgscena gjennom dagen.
10.00 – Innlevering av eplerettar til konkurranse, Cittaslow-standen på torget
11.00-14.00 – Olav H. Hauge-senteret har ope museum
12.00 – Kåring av årets beste eple-rett
13.00 – Auksjon frå torgscena (NB! merk ny stad)
17.00 – Forveten på Yppal mat & drykk i Ulvik: Vigdis Nielsen i prat med Terje Breivik
20.30 – Rockefestival på Brakanes Hotel. Dørene opnar 19.30.
Terje Breivik feirar sine 60 år med rock og inviterer til gratis konsertkveld med fire band og fleire gjesteartistar på scena. Ein kveld fylt til randen med heimespikra politisk rock, Status Quo, ZZ Top, Lynyrd Skynyrd, AC/DC og Dum Dum Boys m.m.
Sundag 5. oktober
09.30 – Guida tur til Oksen – ein av dei mest ikoniske fotturane i Hardanger.
Ein krevjande tur med om lag 1000 meter stigning, men med spektakulær utsikt. Avreise frå Brakanes Hotel. Overnattar du på hotellet er transport t/r inkludert.
Booking: www.trolltunga-active.com
11.00-13.00 – Drop-in-lauging i Laugarstova i Ulvik (badstove ved fjorden).
12.00-15.00 – Utstilling, forteljing og kafè: Catharine Hermine Kølle
Noregs fyrste kvinnelege fotturist og målarinne.
Isdalshuset i Holmen i Ulvik. Vaksne kr. 100,-.
13.00-15.00 – Ulvik Lions sin årlege loppemarknad, på oppsida av Coop Prix
14.00-18.00 – Sundagsmiddag på Yppal mat & drykk
Bordbestilling: booking@yppal.no
Måndag 6.oktober
09.00-13.00 – Kurs i baking av surdeigsbrød på Vik Bakeri i Eidfjord
Ta del i heile prosessen frå å laga og vedlikehalda surdeigsstartar, til elting, heving og steiking. Passar like godt for nybyrjarar som for dei som har baka litt før.
Pris kr. 750,- som inkluderer oppskrifter og startar du kan ta med heim, samt enkel lunsj.
Påmelding til Siv Hereid innan 26.sept: 975 71 827
Onsdag 8. oktober
12.00-19.00 – Glasblåsing med Syse Glas i Ulvik – passar for små og store
Blås di eiga glaskule kr. 350,-.
Booking: www.syseglas.no/aktivitet
10.00-10.55 – Rundtur med Trolltoget til Hæreid og Lægreid i Eidfjord
Avgang frå turistkontoret. Ingen forhåndsbestilling.
Born 6-15 år kr. 100,-, foreldre gratis.
11.00-14.00 – Historisk guida fottur over Lægreid - besøk av gamlekyrkja og vikingutstillinga.
Historie frå jernalder til og med nyare tid. Avgang frå turistkontoret. Min. 5 og max. 12 personar per tur. Pris: 600 NOK per person.
Booking: Hardangerguideservice@gmail.com
14:00-17.00 – Historisk guida fottur over Lægreid - besøk av gamlekyrkja og vikingutstillinga.
Historie frå jernalder til og med nyare tid. Avgang frå turistkontoret. Min. 5 og max. 12 personar per tur. Pris: 600 NOK per person.
Booking: Hardangerguideservice@gmail.com
18.00 – Lansering av boka Eple, pære, plomme på Haugesenteret i Ulvik
Ein ny norsk pomologi over historiske og levande fruktsortar med røter i vår felles kulturarv.
Skald Forlag gjer ut boka og inviterer til ein samtale med forfattar Finn Måge og illustratør Hege Gjerde Sviggum. Samtalen vert leia av Jorid Lekve Eide, arenaleiar i Haugesenteret. Etter praten vil de få sjå og smaka på eit lite utval av historiske eplesortar frå Hardanger. Boka vil vere tilgjengeleg for sal og signering.
Billett kr. 200,-.
https://checkout.ebillett.no/377/events/81/purchase
Torsdag 9.oktober
11.00 – Kurs i Flatbrødbaking med Bu og Ringøy Bygdekvinnelag i grendahuset på Bu
Her får du dei gode tipsa og flatbrøda får du ta med deg heim.
Pris: kr. 500,- per pers
Påmelding: Send sms eller ring til Marit Bu Oppedal: 906 08 890
Fredag 10. oktober
10.00-16.00 – Glasblåsing med Syse Glas i Ulvik – passar for små og store. Blås di eiga glaskule kr. 350,-.
Booking: www.syseglas.no/aktivitet
14.00-19.00 – Gardsbesøk på Tråagarden i Eidfjord
Bestilling gardsbesøk med moglegheit for hesteriding for familiar etter avtale: Tel 95102255.
10.00-12.30 – Haustpadling i Eidfjord
Kombinert padleinstruksjon og sightseeing med ein kajakkinstruktør som guide. Moglegheit for å sjå nise, sel og kanskje havørn. Ingen tidlegare erfaring nødvendig, men fysisk uthaldenheit og god form er nødvendig. Aldersgrense: 18 år
Pris: NOK 1009,- pr pers. inkl tørrdrakt og neoprenstøvlar
Booking: info@bestadventures.no
18.00-23.00 – Siderbar, fjordpintxos og tunes i Fjordsalongen på Brakanes Hotel
Fri inngang. Spanande småmat og god drykk til sals heile kvelden.
Laurdag 11. oktober
11.00-16.00 – Matkulturfestival i Øvre Eidfjord ved Norsk Natursenter
Stort marknadstelt med lokale matprodusentar, aktivitetar for store og små.
10.00-18.00 – Gardsbesøk på Tråagarden i Eidfjord
Bestilling gardsbesøk med moglegheit for hesteriding for familiar etter avtale: Tel 95102255.
12.15 – Det magiske naustet; Eventyr for barn om naustet og fjorden med Amalie Tolo. Førestilling i og rundt Laugarstovo i Ulvik. Familiebillett kr. 100,- med bolle, juice og kaffi inkludert. (Vipps på staden)
13.15 – Det magiske naustet (Førestilling nummer 2)
20.30-02.00 – Haustfest med Byting og Trollstilt på Vøringfoss Hotel. Dørene opnar kl. 19.30.
Aldersgrense 18 år. Billettar kr. 450,-.
Billettlink: https://ticketco.events/no/nb
Overnatting med 20% rabatt (bruk kode: haustferie): www.voringfoss-hotel.no
Sundag 12. oktober
11.00-13.00 – Drop-in-lauging i Laugarstova i Ulvik (badstove ved fjorden)
12.00-15.00 – Utstilling, forteljing og kafè: Catharine Hermine Kølle
Noregs fyrste kvinnelege fotturist og målarinne. Isdalshuset i Holmen i Ulvik. Vaksne kr. 100,-.
Meir informasjon og oversikt over andre aktivitetar