• Hending

Dialogmøte til Felles sti og løypeplan for Hardangervidda

Dato

Tirsdag 16. september 2025

Tidspunkt

kl. 17.00 - 19.00

Stad

Hardangervidda Natursenter

Hardangerviddarådet har sendt forslag til felles sti- og løypeplan for Hardangervidda ut på høyring. I samband med det inviterer Fylkeskommunane Buskerud, Telemark og Vestland til opne dialogmøter der dei presenterar hovedinnhaldet i planen og opnar for spørsmål og innspel knytta til forslaga om friluftslivsferdsel. 

Tiltaksplanen for Hardangervidda villreinområde er og på høyring samtidig, men tiltakene i denne planen vil ikkje væra tema i dialogmøtene

Program for møtene:

  • Den fyrste halvtimen vert satt av til kaffi/te og mingling
  • Deretter vil det verta gjennomgang av Sti og løypeplanens innhald, og dialog

Møtet i Eidfjord vil verta holdt: Tysdag 16. september, kl 17:00, i kinosalen på Hardangervidda Natursenter, Øvre Eidfjord

Møtet er opent for alle, men for å sikra seg nok sitteplassar, og grunna det vil verta servert kaffi/te med noko attåt, er det ynskjeleg at du melder deg på:  Lenke til påmelding . Frist for påmelding: Fredag 12. september

Det vil og verta holdt møter andre stader same veka:

  • Mandag 15. september – Vasstulan 1100, Nore og Uvdal kommune. Mat fra kl. 17:30, møtestart kl. 18:00
    Lenke til påmelding, frist fredag 12. september
  • Onsdag 17. september – Odda (rådhuset). Mat fra kl. 17:30, møtestart kl. 18:00
    Lenke til påmelding, frist mandag 15. september
  • Torsdag 18. september – Raulandshuset, Vinje. Mat fra kl. 17:30, møtestart kl. 18:00
    Lenke til påmelding, frist mandag 15. september

Digitalt møte mandag 29. september 

Det vil og gjennomførast eit digitalt møte mandag 29. september kl 18:00-20:00. Du kan logge deg på møtet på  denne lenka .

Les meir

Høyringsdokument:  Forslag til felles sti- og løypeplan

Meir informasjon om samarbeidet om regional plan og Hardangerviddarådet

Kontaktperson

Sekretær i Hardangerviddarådet: Lise-Berith Lian, Buskerud fylkeskommune,  liseberitl@bfk.no

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Hardangerviddarådet

Om staden

Namn

Hardangervidda Natursenter