• Hending

SeniorUni: Frida Kahlo - hennar tragiske og fabelaktige liv

Dato

Mandag 3. november 2025

Tidspunkt

kl. 11.00 - 12.00

Stad

Eidfjord folkebibliotek

Måndag 3. november kl. 11 - 12 på biblioteket

Renate Rivedal har ein master i kunsthistorie frå UIB, der ho skreiv om Sophus Tromholt (1851-1896), nordlysforskar og pioner innanfor fotografi av den samiske befolkninga i åra 1882-1883.

Ho har lang erfaring som formidlar ved ulike kunstinstitusjonar, og har eit brennande engasjement for kunst - og kulturformidling. I dag arbeider ho også som rådgjevar i kulturavdelinga i Bergen kommune, kunstkritikar i Bergens Tidende og er ein aktiv samfunnsdebattant. 

Frida Kahlo, fødd i Coyoacán i 1907, var ein fascinerande kunstnar kjent for sine sjølvportrett og sterke fargar. Ho vart ramma av polio som barn og alvorleg skadd i ein trafikkulykke ved 18 år, hendingar som påverka hennar liv og kunst. Kahlos arbeid, inspirert av indiansk kunst og europeisk kultur, blandar realisme, symbolisme og surrealisme. Ho levde i ei tid med globale forandringar og var også politisk engasjert. Hennar liv var sterkt knytt til den meksikanske målaren Diego Rivera, som ho gifta seg med to gonger og skildra som ein av dei to store ulukkene i sitt liv, saman med trikkeulukka. 

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Eidfjord folkebibliotek

Kontakt

Nina Dürselen Herland

Om staden

Namn

Eidfjord folkebibliotek