Markering i Eidfjord
Dagen vert markert over heile landet – i skular, på arbeidsplassar og i lokalsamfunn – og gjev oss ei viktig påminning om at psykisk helse angår oss alle.
I Eidfjord markerer me med felles frukost og aktivitetar for elevar og tilsette på Lægreid skule.
Styrk den psykiske beredskapen
Årets tema er «Styrk den psykiske beredskapen». Temaet handlar om korleis me kan stå sterkare i møte med usikre tider, endringar og kriser. Ved å byggja robuste fellesskap, snakka om det som er vanskeleg, og læra gode strategiar for å ta vare på oss sjølve og kvarandre, styrkar me vår psykiske beredskap – både som enkeltpersonar og som samfunn. Me oppmodar alle om å setja fokus på psykisk helse .