Xtremeidfjord inviterer, i samarbeid med Sparebanken Norge, hovudsponsor Vekselbanken og Eidfjord Kommune, til eit spanande foredrag i Eidfjord 9. april.
Det kan verka lett å nå måla sine, men det kan òg vera vanskeleg. Me vil jo gjerne få det til, ha det bra og ikkje mista oss sjølve på vegen.
Øystein «Pølsa» Pettersen kjem til Eidfjord for å halda eit inspirerande foredrag. Han er olympisk meister, forfattar og TV-profil, men først og fremst eit menneske som trur på at alle kan få det til.
«Pølsa» er mest oppteken av å hjelpa andre til å nå sine mål og bli betre utgåver av seg sjølv. Han meiner det er viktig å bli medviten om eigne mål, tankar og vanar, fordi me ofte har større påverknad enn me trur. Filosofien hans handlar om å møta livet med venskap, kjærleik og leik, og å vera på lag med seg sjølv og andre. Dette gjeld ikkje berre idrettsutøvarar, men alle som vil litt meir – anten det er på jobb, heime eller i fritida.
Me ønskjer alle hjarteleg velkomne til foredraget og håpar du blir inspirert og får med deg noko verdifullt heim.
Informasjon og påmelding